
|
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE FOR ÅR 2009
Dato: 20.03.2010 Tid: Kl. 15.00 Stad: Nordanger Grendahus Tilstades: 17 medlemer av 62. Sak 1: Godkjenning av innkalling. Godkjent. Asgeir Mjøs vart vald til å skriva referat.
Sak 2: Årsmelding. Årsmelding vart opplesen. Årsmelding godkjendt uten merknad.
Sak 3: Rekneskap. Rekneskap vart opplesen.
Det vart spurt om føringa av utbetalte andelsinnskot. Svar: Rekneskapet er berre eit kontantrekneskap, og det er berre ført som utgift.
Det vart kommentert at det var liten utgift til straum, og at forsikringa er billeg. Svar: Straumforbruk kr. 2 804,61 er netto i rekneskapet. Vi fekk tilbakebetalt kr 4 861.25 frå året før. Det reelle straumforbruket for 2009 er kr. 7 664,86.
Det vart kommentert at ”Medlemskontingent og andelsinnskot” vert ført på same konto, det burde vore ført på to ulike kontoar. Svar: Styret vil sjå på om ein kan splitta dette i neste rekneskap. Rekneskapen vart samrøystres vedteke.
Sak 4: Fastsetjing av avgifter og dugnad. Styret foreslo: Årsavgift kr. 400,- pr. År Dugnad 8 timar på to år, eller betala kr. 100,- pr time. Dette vart samrøystes vedeteke. Det vart påpeika at ein bør kalla dette årskontingent, ikkje årsavgift.
Sak 5: Val. På val stod nestformann for to år, kasserar for to år, hamnesjef for to år, vararepresentant til styret for eitt år, og ein ny representant til valnemnda. Alle til styret og varamann tok attval, og dei vart vald med akklamasjon. Forslag til nytt medlem til valnemnda: Trond Erik Lygren. Resultatet av valet er slik: Formann: Gunnar Mjøs (Ikkje på val) Nestformann: Arne Olav Mjøs (Attval) Hamnesjef: Rune Ystebø (Attval) Skrivar: Helge Nordanger (Ikkje på val) Styremedlem/kasserar Ronny Bauge (Attval) Varamann til styret: Geir Soltveit (Attval) Revisorar: Gunnar Soltveit (attval) og Dagfinn Thomassen (attval) Nytt medlem til valnemd: Trond Erik Lygren. Roger Rath går ut av valnemnd. Valnemnda er då slik: Helge Straume, Magne Straume og Trond Erik Lygren
Sak 6: Forslag til endring av vedtektene § 9. Ordlyd på eksisterande § 9 og forslag til ny § 9 var sendt ut saman med inkalling til årsmøtet, saman med beskrivelse av bakgrunn for endingsforslag. Med den nye formuleringa er det styret som tar hand om salg av andel. Endringa vart samrløystes vedteke, og § 9 lyder no slik:
§9: Overføring av andel: 1: Salg av andel skal gå gjennom styret til gjeldande andelsverdi. Laget er ikkje pliktig å løysa inn andelsinnskot, men kan gjera det dersom det er til fordel for laget. 2: Medlemer kan fritt overføra andelen ved gåve eller arv til sysken, skyldfolk i rett opp eller nedstigande lina, eller til adoptivbarn.
Sak 7: Eventuelt. Det vart spurd om medlemsliste. Det vert sett opp nytt oppslag i oljebua. Medlemsliste og nye vedtekter vert også sendt ut saman med innkreving av kontingent.
Formannen opplyste at ein hadde feil på elektrisk anlegg. Det er berre ein jordfeilbrytar, og denne sler seg ofte ut. Ein skal forsøkja å finna ut av dette, og å få lys på midtre bryggje. Båtlaget vil også ta opp med Mjøs felleskap om løyve til å fendra i bruholet. Det er lett å grunnstøyta der når to båtar møtest. Knappen Båtlag har heimeside på Internett som er under stadig forbedring. Heimesida finn ein her: www.knappenbaatlag.com
Asgeir Mjøs referent
|
|
Knappen Båtlag |
|
God ly for vær og vind |