VEDTEKTER

Revidert 16.03.2013

 

 

§ 1:           Knappen Båtlag er eit privat interesselag skipa den 30.09.1984.

 

§ 2:           Laget sitt føremål er å fremja og ivareta medlemane sine felles interesser i båthavn og det som står i samsvar med dette.

 

§ 3:           Styret: Laget vert leia av eit styre på 5 medlemer + 1 varamann: Formann, nestformann, sekretær, kasserar og hamnesjef. Styret er vedtaksfør når 2/3 av styremedlemane er til stades. Funksjonstida er to (2) år, formann og sekretær vert valde det eine året, nestformann, kasserar og hamnesjef det andre året. På årsmøtet skal det veljast 2 revisorar med to varamenn for 2 år.

 

§ 4:           Årsmøte: Årsmøte skal haldast innan utgangen av mars månad.  På årsmøtet skal handsamast: Årsmelding,rekneskap, fastsetjing av avgifter og verdi av medlemskap/båtplass/fortøyningsrett, val. Medlemer som ynskjer å fremja saker på årsmøtet må senda forslaget skriftleg til styret innan utgangen av året.

 

§ 5:           Årsmøtet skal innkallast med 14 dagars varsel til den einskilde lagslem. Årsmøte som er lovleg innkalla er vedtaksfør uavhengig av frammøte.

Medlemsmøter. Formannen kallar inn til medlemsmøter når styret bestemmer eller når 1/3 av medlemene ber om det.

 

§ 6:           Kontingent og avgifter: Årsmøtet fastset kontingent og avgifter for 1 år om gongen.

                

§7:            Medlemsrett: Kvart medlem har rett til å ha ein båtplass i båthamna, men kan etter styrevedtak få meir enn det.

                

§8:            Medlems plikter:   Alle medlemene har plikt til å utføra dugnadsarbeid. Dei som ynskjer å sleppa arbeidsinnsats må betala den time/dagløn som årsmøtet fastset.

 

§9:            Overføring av båtplass/fortøyningsrett:

                 1: Eit medlem kan ikkje overføra båtplass/fortøyningsrett til andre, overføring skal gå gjennom styret. Overføring skal gå til gjeldanse verdi fastett av årsmøtet. Laget er ikkje pliktig å løysa inn båtplass/fortøyningsrett, men kan gjera det dersom det er til fordel for laget.

                 2: Laget tildeler ledig fortøyningsrett til gamle eller nye medlemer etter venteliste.

                 3: Medlemer kan fritt overføra  medlemskap og fortøyningsrett ved gåve eller arv til sysken, skyldfolk i rett opp eller nedstigande lina, eller til adoptivbarn.

 

§10:         Den einskilde medlem kan ikkje leiga eller låna bort sin fortøyningsrett utan styret sitt samtykke.

 

§11:         Medlemene har plikt til å syna varsemd med laget og dei andre medlemene sine eigedomar.  Den som gjer skade på annan manns eigedom må omgåande ta kontakt med vedkomande, og vedkomande må og underretta styret om skader.  Det er forbode å kasta boss i området og den einskilde medlem skal halda sin fortøyningsrett i orden.

 

§12:         Medlemer som ikkje fylgjer vedtekter og andre vedtak på årsmøtet kan verta ekskluderte av laget. Laget skal i tilfelle løysa vedkomande ut i samsvar med §9 pkt. 1.

 

§13:         Helgefred:  Det er forbode å driva med arbeid som medfører støy på søn- og helgedagar.

 

§14:         Det er forbode å ha laushund i hamneområdet.

 

§15:         a) Lovendring kan berre skje på årsmøtet med 2/3 fleirtal.

                 b) Oppløysing av laget kan berre skje på årsmøtet med 2/3 fleirtal.

Knappen Båtlag

God ly for vær og vind