Tekstboks: INFORMASJON TIL MEDLEMENE		20.04.2010		
							


KONTAKTPERSONAR:

Formann:	Gunnar Mjøs	91305166
Nestf/dugn-leiar: Arne Olav Mjøs  48235875
Skrivar: 		Helge Nordanger 47266691
Hamnesjef: 	Rune Ystebø 	91882297
Assist h-sjef:	Ronny Bauge	91885664




DUGNAD: Fellesdugnad vert på følgjande datoar: 05. og 12. juni. Meld frå til Arne Olav kva for dato som passar. Har du meldt deg på til dugnad så syt for at du også dukkar opp, det er fortvilande å laga til eit opplegg for så å sjå at dei påmeldte ikkje kjem.

NØKLAR: Utlevert nøkkel er personleg og skal ikkje lånast ut. Har du leigt/lånt ut båtplassen (hugs at hamnesjef skal ha melding) er det høve til å få ekstra nøkkel. Kontakt Helge. Syt for at portane er låst når du går frå flytebryggja til lands eller med båt.

UTSETTING AV BÅT: Medlemer kan fritt setta ut og ta opp eigen båt/båtar, men vaksne familiemedlemer med eigen båt skal betala for bruk av opphalet. Opptak/utsetjng av ikkjemedlemer sin båt skal gå gjennom styret, -pris kr 200.

VATN: Har du brukt vatn må du også syta for å stengja ventilen inne i oljebua. Me jobbar for å laga til automatisk stenging av vatnet, men førebels er dette ikkje på plass.

PARKERING: Bruk plass på nordsida av flaggstanga til parkering. Kaien skal brukast til av og pålessing.

BÅT OG BÅTVOGNER: Båtvogner og båtar skal om sommaren ikkje plasserast på parkeringsplassen eller inntil haugen. Båtvogner som det ikkje er plass til på plassen austom opphalet må du ta med heim.

BYTTE AV BÅT: Har du skifta båt skal båtlaget informerast. Styret tilrår registrering av alle båtar.

FORTØYING: Me viser til tidlegare varsel om å installera strekkavlastarar på alle fortøyingstau. Det vert ikkje ny frist for å få dette i orden, styret gjer dette for di rekning.

BOSSKONTEINER: Styret jobbar for å få eigen bosskonteiner for båtlaget. Inntil dette kjem i orden må du ta bosset med deg heim. Ikkje kast boss/avfall på sjøen, slik me ser at mange dessverre har gjort.

INFO TIL BRUKARAR: Det er tydeleg å sjå at mange om brukar båthamna ikkje kjenner til kva reglar som gjeldt. Du er ansvarleg for å informera brukarar av din båt om reglane, ikkje minst om sakte fart ved båthamna, at hund skal vera i band, parkering, -og at sløying av fisk i båthamna er heilt forbudt.

Har du spørsmål, innspel eller ynskje må du gjerne ta kontakt. 
Styret i båtlaget jobbar dugnad for deg, hjelp oss med  å halda anlegget reint og triveleg til ei kvar tid.
Me minner om sikkerhet  på sjøen og nye reglar for båførarbevis , -og ynskjer deg og dine ein fin sommar og plenty med fiskelukke.

Med helsing frå styret i Knappen Båtlag
Gunnar Mjøs
Formann
(Sign)

VIKTIG:
Heimesida vår har bruk for bilder. Ta plenty med bilder frå fiske, turar, aktvitetar, opplevingar og natur og send til webmaster:  romikke@online.no

Knappen Båtlag

God ly for vær og vind

Tekstboks: www.knappenbaatlag.com