|
VELKOMEN TIL KNAPPEN BÅTLAG.
Her er litt informasjon til deg som er nytt medlem i Knappen Båtlag.
Du har no kome i godt selskap med over 60 båtinteresserte med base innerst i Nordangervågen på austsida av Radøy. Knappen Båtlag vart stifta i 1984 og laget har på dei åra utvikla seg til ei av dei trivelegaste båthamnene i Radøy. Laget har ikkje gjeld, og det som er gjort i båthamna er hovudsakleg bygt på dugnad. Medlemene viser stor entusiasme og interesse for båtlaget, og me er heilt sikker på at du vil finna deg til rette, og bli kjent med oss. Vedlagt finn du vedtekter for laget.
Her er ei lita ”hugseliste” til help for deg:
· Bilen parkerer du på parkeringsplassen og ikkje nede ved kaien. · Syt for at det til ei kvar tid er fri tilgang til oljebua. · Gje båtlaget melding om kva for båt du har. · Du er sjølv ansvarleg for fendring og fortøying av din båt, hugs strekkavlaster av gummi på alle fortøyningstau og unngå bruk av flytetau. · Sløying av fisk i båthamna er strengt forbudt. Dette for å unngå problem med fuglar. · Hund må vera i band og kan ikkje gå fritt. · Fiskereiskap/garn/teiner skal ikkje lagrast på kai eller bryggje. · Båtvogna tar du med deg heim dersom det ikkje er plass austom opphalet. · Vis omsyn til andre båtfarande, og ver merksam på fartsavgrensing rundt båthamna. · Vatn er tilgjengeleg frå vassverket, med stengeventil i oljebua. · Diesel kan kjøpast frå tank i oljebua. · Du vil få utdelt nøkkel som passer alle låser i båthamna.
Kontaktpersonar: · Formann Gunnar Mjøs tlf 91305166 · Nestf/dugnadsleiar Arne Olav Mjøs tlf 48235875 · Hamnesjef Rune Ystebø tlf 91882297 · Skrivar Helge Nordanger tlf 47266691 · Styremedlem Ronny Bauge tlf 95196904 · Rekneskapsførar Asgeir Mjøs tlf 90957975
Båtlaget ynskjer at anlegget skal framstå som reint, pent, triveleg og imøtekomande. Hjelp oss til å oppnå dette ved å rydda etter deg og andre, og at du unngår å få oljesøl på sjøen. Har du spørsmål,- eller har forslag til forbedringar må du gjerne ta kontakt.
På nytt velkomen som medlem i båtlaget.
Knappen Båtlag 25.04.10
Gunnar Mjøs Formann Sign |

|
Knappen Båtlag |
|
God ly for vær og vind |