Knappen Båtlag God ly for vær og vind
orgnr. 999069517 |
Innsegling frå Nordangervågen Oversiktsbilde Knappen Båtlag
|
Du har no kome fram til Knappen Båtlag si heimeside. Her vil me presentera laget. Lokalisert heilt inne i Nordangervågen, nordaust på Radøy, den grøne øya, i Vestland fylke.
|
Oppdatert: 4. mars 2024 Innkalling årsmøte
Innkalling årsmøte (pdf) Referat årsmøte (pdf)
Sjå også vår side på Facebook: Knappen båtlag
|
Priser i Knappen Båtlag, sesongen 2023:
For medlemmer: Andel inklusiv bryggeplass: Kr. 75.000 Årskontingent kr. 1000 4 timar dugnad pr år. Eller betala kr 200 pr time. Bruk av slipp: 3 dager gratis, utover dette kr 500 / dag
For ikkje-medlemmer: Leige av båtplass i bryggje: Kr. 5.000 pr år Leige av båtplass ved kai: Kr. 5.000 pr år Setja ut / ta opp båt: kr 200 (ut) og kr 200 (opp) Bruk av slipp: kr 500 for opphal, kr 500 for utsetjing, kr 500 for kvar dag => minimum kr 1500 |
VELKOMEN TIL KNAPPEN BÅTLAG.
Du har no kome i godt selskap med over 60 båtinteresserte med base innerst i Nordangervågen på austsida av Radøy. Knappen Båtlag vart stifta i 1984 og laget har på dei åra utvikla seg til ei av dei trivelegaste båthamnene i Radøy. Laget har ikkje gjeld, og det som er gjort i båthamna er hovudsakleg bygt på dugnad. Medlemene viser stor entusiasme og interesse for båtlaget, og me er heilt sikker på at du vil finna deg til rette, og bli kjent med oss. Vedlagt finn du vedtekter for laget.
Her er ei lita ”hugseliste” til help for deg:
· Bilen parkerer du på parkeringsplassen og ikkje nede ved kaien. · Syt for at det til ei kvar tid er fri tilgang til oljebua. · Gje båtlaget melding om kva for båt du har. · Du er sjølv ansvarleg for fendring og fortøying av din båt, hugs strekkavlaster av gummi på alle fortøyningstau og unngå bruk av flytetau. · Sløying av fisk i båthamna er strengt forbudt. Dette for å unngå problem med fuglar. · Hund må vera i band og kan ikkje gå fritt. · Fiskereiskap/garn/teiner skal ikkje lagrast på kai eller bryggje. · Båtvogna tar du med deg heim dersom det ikkje er plass austom opphalet. · Vis omsyn til andre båtfarande, og ver merksam på fartsavgrensing rundt båthamna. · Vatn er tilgjengeleg frå vassverket, med stengeventil i oljebua. · Diesel kan kjøpast frå tank i oljebua. · Du vil få utdelt nøkkel som passer alle låser i båthamna.
Båtlaget ynskjer at anlegget skal framstå som reint, pent, triveleg og imøtekomande. Hjelp oss til å oppnå dette ved å rydda etter deg og andre, og at du unngår å få oljesøl på sjøen. Har du spørsmål,- eller har forslag til forbedringar må du gjerne ta kontakt.
På nytt velkomen som medlem i båtlaget.
Med helsing frå styret i Knappen Båtlag 25.04.2013
Styret i sesongen 2021-2022:
Formann: Rune Steindal Tlf: 94 87 60 29 mail: formann@knappenbaatlag.com Nestformann: Jan Erik-Ystebø Tlf: 97 15 53 46 mail: jan.erik.ystebo@gmail.com
Hamnesjef: Ronny Bauge Tlf: 91 32 81 70 mail: hamnesjef@knappenbaatlag.com
Skrivar: Sigmund Karlsen Tlf: 91 75 71 09 mail: skrivar@knappenbaatlag.com
Styremedlem: Arve Soltveit Tlf: 90 66 78 66 mail: ajsoltveit@gmail.com
Varamann styre: Tor Ursin Tlf: 93 24 49 26 mail: tor.ursin@gmail.com
******************************************************************************
Rekneskap: Stig Andreassen Tlf: 41 45 19 82 mail: kasserar@knappenbaatlag.com
|
Andre opplysninger:
Bruk av slipp, Medlemer fri bruk 3 dager, utover dette kr 500/dag. Ikkje medlem kr 500 opp/kr 500 / dag og kr 500 ut, min kr1500. All bruk avtales med havnesjef.
NØKLAR: Utlevert nøkkel er personleg og skal ikkje lånast ut. Syt for at portane er låst når du går frå flytebryggja til lands eller med båt.
BÅTPLASSEN: Utleige av båtplass går gjennom styret, brukar du ikkje båtplassen kan styret leiga den ut etter avtale med deg.
UTSETTING AV BÅT: Medlemer kan fritt setta ut og ta opp eigen båt/båtar, men vaksne familiemedlemer med eigen båt skal betala for bruk av opphalet. Opptak/utsetjng av ikkjemedlemer sin båt skal gå gjennom styret, -pris kr 200.
VATN: Har du brukt vatn må du også syta for å stengja ventilen inne i oljebua. Me jobbar for å laga til automatisk stenging av vatnet, men førebels er dette ikkje på plass.
PARKERING: Bruk plass på nordsida av flaggstanga til parkering. Kaien skal brukast til av og pålessing.
BÅT OG BÅTVOGNER: Båtvogner og båtar skal om sommaren ikkje plasserast i båthamna.
BYTTE AV BÅT: Har du skifta båt skal båtlaget straks informerast. Styret tilrår registrering av alle båtar.
FORTØYING: Me viser til tidlegare varsel om å installera strekkavlastarar på alle fortøyingstau. Det vert ikkje ny frist for å få dette i orden, styret gjer dette for di rekning.
INFO TIL BRUKARAR: Det er tydeleg å sjå at mange om brukar båthamna ikkje kjenner til kva reglar som gjeldt. Du er ansvarleg for å informera brukarar av din båt om reglane, ikkje minst om sakte fart ved båthamna, at hund skal vera i band, parkering, og at sløying av fisk i båthamna er heilt forbudt.
Har du spørsmål, innspel eller ynskje må du gjerne ta kontakt. Styret i båtlaget jobbar dugnad for deg, hjelp oss med å halda anlegget reint og triveleg til ei kvar tid. Me minner om sikkerhet på sjøen, - og ønskjer deg og dine ein fin sommar og plenty med fiskelukke.
|
OBS ! OBS ! OBS !
Politiet oppmodar oss å følgja med utanlandsregistrerte bilar i båthamna.
Kan vera nokon som er på rekognoseringstur ifm planlegging av nattleg besøk i båthamna.
Noter deg gjerne bilnr, landskode, farge og bilmerke. Det kan visa seg å vera nyttig.
Nødnummer: 112 Direktenummer: 02800 |
GPS-posisjon:
N 60 42 756 Ø 004 59 083 |